Endelig har Kristian fått energi nok til å få opp dusjkabinettet som omsider kom i sommer. Det er eit mini mini på 70x70 og med lav høgde. Nesten umulig å oppdrive, og det tok "berre" over eit år å få den. Kjøpt på en nettbutikk der navnet ikkje fortjener ein stad på nett. Men dusjen virka omsider da og fungerer fint med varmeveksleren vår (uten tank). No kan vi ta en rask om enn litt av og til pisslunka dusj når vi er på hyttå. Hurra! :)
So artig å finne ut at noken har brukt "gjestehuset" vi laga i fjor :D
SKal tru kem det har vore.....eg tipper ein eller annan småfugl. Håper dei hadde det fint der og no kan synge for oss neste gong vi møtes. Vi har ikkje vore på hyttå på lenge....rett skammelig at dette møtte oss i dag ... Dette forfallne skiltet er ikkje alt..... her er meir.... Sånn går det altså når man ikkje er på hyttå så ofte lengre. Vel, vi lover; neste år skal alt bli så mykje bedre :)
Vi er berre litt opptatt av stell av hus og hage heime for tida. Og i same slengen har vi eit lite prosjekt gåande.... kremt.... Her kan du sjå kva: (Klikk på bildet og du kjem til hagebloggen min) Men Kristian visste råd. Han har laga det slik at slangen fra pumpa kan puttast i ei vannkanne og vi får vann i kranen, hohoho!
Det blei litt snø og smelte men det er jo passelig syssel på ei gammal hytte med sakte-liv i fokus :) |
Unni skriv......litt om det som skjer på den lisje hytta i den koselige skogen. Her finn du litt om...:
All
Slik gjorde vi i...
January 2024
|