I dag er det første desember....ingen snø enda men akk vi får jo alikevel julestemning :) Vi har pynta til jul og hengt opp stjerna.
Kristian røyka laksen som han fekk i haust og det lukter NAMANAM over heile skogen. No kan det blir jul!
0 Comments
Det blir berre værre og værre å få med Bonnie heim frå hyttå....
Ikkje rart igrunn for her kose vi oss :) Eg har jo heilt gløymt å blogge om denne snasne løysinga til Kristian. Han sveisa sammen armeringsjern, litt kjetting og nokre kroker samt ei kunstnerisk rekandes fjøl. Det blei lakka med ildfast lakk slik at det blei haldbart og halvblankt og fint. Denne heng no fast rundt pipa og vi pynter den etter årstidene.....eller med våte kle ;)
Eg har fortsatt tenkt og blogge her og vere ambassadør for bladet HYTTELIV :)
I det nye året kanskje det blir gjort litt her og der på huttå? Det starta bra iallefall med golvet på gangen ferdig :) Og så snik eg med eit bilde av sønnen og nyttårskalkunen....eit fint minne frå ein koselig kveld på hyttå <3 Å vere åleine er ikkje det same som å vere einsam, åleinetid på hyttå er energipåfyll for meg :)
Peiskos....levande lys, stillheit, eller som eg liker det; sakte-tv. Denne gongen var det "Der ein ikkje skulle tru at nokon kunne bu". Og så rakk vi ein fin skogstur da, før regnet beynte å pøse snøen bort... Snakk om julestemnining på hyttå denne 1.adventen med snø! Dogg på morgonvindauget...
...det er ikkje mykje som vitner om at det er jul...men juletreet i hyttehagen gjer sitt beste, og lager eit mjukt lys som slest med tåka og regnet. Drypp...drypp...putt plutt...splætt... |
Unni skriv......litt om det som skjer på den lisje hytta i den koselige skogen. Her finn du litt om...:
All
Slik gjorde vi i...
May 2024
|