Var her både rett før jul og kosa oss her i romjul og inn i det nye året.
Tusen takk til snille naboa som måke plass til bilen vår. Godt nytt hytteår! Hyttekos frå oss
0 Comments
Eg har jo heilt gløymt å blogge om denne snasne løysinga til Kristian. Han sveisa sammen armeringsjern, litt kjetting og nokre kroker samt ei kunstnerisk rekandes fjøl. Det blei lakka med ildfast lakk slik at det blei haldbart og halvblankt og fint. Denne heng no fast rundt pipa og vi pynter den etter årstidene.....eller med våte kle ;)
Grått var ikkje noke for oss så no blir hyttestua fin og brun ;)
Her er det påskeferie og finever. Ally er 8 veker drektig ;) I går var eg så heldig eg fekk søstrene sisters til å hjelpe med å male taket på stua. Vi stakk ned på Maila i Brattvåg og kjøpte ein 3-liter med Fashion 40 til panel/tak/vegg i fargen "Letthet". Den skal passe fint til "Valnøtt" som vi har kjøpt inn en 3-liter Lady interiørbeis. På bilda ser du første prøvestrøk og det blir fiiiint vart vi enige om. Den tidligare prøva i grå beis vart eg aldri komfortabel med. Nei no skal det bli lunt og skogsbrunt i stua :)
Vi vil ha ei åpen løysing på stue/kjøkken. Derfor måtte denne veggen bøte med livet... Tenåringane er greie og ville hjelpe til med slikt rivearbeid.
Kjøkkeninnredinga heng igjen som eit spøkelse på veggen ... men der ønsker vi oss dobbel balkongdør ut til hagen! |
Unni skriv......litt om det som skjer på den lisje hytta i den koselige skogen. Her finn du litt om...:
All
Slik gjorde vi i...
May 2024
|