Ikkje mykje påskestemning på oss i år sjølv om vi har hytte i same kommune som vi bur i... men i dag fekk vi i det minste ein liten gåtur før vi vart jaga inn igjen av snøstormen, eg og hundane.
Siste hytteliv har komt ut og vi er med igjen! Denne gonger er det Bonnie som er midtsidepiken foran ovnen. Her er fine Bonnie vår og litt av haustinnslaget mitt i #hytteliv der er eg #hyttelivsambassadør
Våkna til nydelig ver i dag. Eg trur fuglane likte veret også der dei kosa seg med sin frokost under min frokost. Hundane fulgte ivrig med men sovna til slutt på krakkane sine. Ei koselig morgonstund.
Endå ein nydelig dag.... Endå ein kosetur i skogen... Endå ein sopp eg har ete.... No har eg lært meg; SMØRSOPP Bacon kan berre "gå hjæm å vogg"! Ja faktisk. Det er ikkje tull ein gong. Dette var supergodt! Steikt smørsopp i salt og pepper, steikte paprikabiter og to steikte egg, samt eit halvt rundstykke frå frokosten ;) NAMMM!! Eg er gløymsk....jada eg innrømmer det. Når Kristian ikkje er her og passer på så ligg hundebanda heime, ryggekk like så. (Note to myself: få tak i ein ryggsekk som kan ligge fast på hyttå!) Men kem har ofte flaks...gullhår ein viss plass, sol som skin osv osv...Jo det er meg! For ryggsekk fann eg i form av ei gammal soppkorg. Og kem fann eit hundeband mellom to steiner halvvegs i Engsetdalsvatnet? Jo, MOI! :))) |
Unni skriv......litt om det som skjer på den lisje hytta i den koselige skogen. Her finn du litt om...:
All
Slik gjorde vi i...
October 2020
|