Etter snøen reiste (endelig) sin veg så har spettmeisen fått unger i kassa på vedskjulet og det yrer av liv i skogen.
Våkna til nydelig ver i dag. Eg trur fuglane likte veret også der dei kosa seg med sin frokost under min frokost. Hundane fulgte ivrig med men sovna til slutt på krakkane sine. Ei koselig morgonstund.
Det er så fint ver for tida at en kan nesten gløyme korleis hausten kan vere. Men no har mørket komt tidligare og tidligare og lyktene har blitt tent (med timer her ja). Mulig det var den første frostnatta som kom i natt...litt deilig og da :* Vi koser oss med å rusle rundt i soppskogen rundt hyttå. Eg viser nokre bilder eg tok her men pass på; ikkje stol på mine gjetninger på kva sopp dette er, for eg er IKKJE soppkyndig, men kun under opplæring. Skriv gjerne ein kommentar om du veit kva sort sopp eg har funne. Eg har kun ete kantareller og piggsopp men tenker å utvide til smørsopp... Her kjem grunnen til at det har vore litt lite hytteliv her i det siste ;) Nokre kvalper som no er 6 veker! I dag har dei fått sin første kjøretur og besøk på altan og i høggraset. Dei har ete og tissa og sove ute i det fri for endelig kom det litt finver no som dei var store nok til slikt. Her held Kristian og Joakim på å jobbe litt. Det blir ved til vinteren og trappetrinn opp til altanen :) |
Unni skriv......litt om det som skjer på den lisje hytta i den koselige skogen. Her finn du litt om...:
All
Slik gjorde vi i...
October 2020
|