Endå ein nydelig dag.... Endå ein kosetur i skogen... Endå ein sopp eg har ete.... No har eg lært meg; SMØRSOPP Bacon kan berre "gå hjæm å vogg"! Ja faktisk. Det er ikkje tull ein gong. Dette var supergodt! Steikt smørsopp i salt og pepper, steikte paprikabiter og to steikte egg, samt eit halvt rundstykke frå frokosten ;) NAMMM!! Eg er gløymsk....jada eg innrømmer det. Når Kristian ikkje er her og passer på så ligg hundebanda heime, ryggekk like så. (Note to myself: få tak i ein ryggsekk som kan ligge fast på hyttå!) Men kem har ofte flaks...gullhår ein viss plass, sol som skin osv osv...Jo det er meg! For ryggsekk fann eg i form av ei gammal soppkorg. Og kem fann eit hundeband mellom to steiner halvvegs i Engsetdalsvatnet? Jo, MOI! :))) Så kom vi oss på hyttå denne helga og :) Vi gjekk oss ein tur... Eg åt meg sprengmett på kantarellkyllingpaprika a la Unni Eg stirra lenge på strikketøyet mitt...... så strikka eg ferdig villmarksgenseren!! Så kosa vi oss foran Tv'n til vi sovna. Vi koser oss med å rusle rundt i soppskogen rundt hyttå. Eg viser nokre bilder eg tok her men pass på; ikkje stol på mine gjetninger på kva sopp dette er, for eg er IKKJE soppkyndig, men kun under opplæring. Skriv gjerne ein kommentar om du veit kva sort sopp eg har funne. Eg har kun ete kantareller og piggsopp men tenker å utvide til smørsopp... Det er godt å komme inn att i hyttå etter ein tur i skogen. Som det kan skimtast av bildet med dei tre våte små så kom det ei byge. Men heldigvis kortvarig. Så var eg heldig og fann litt av skogen sitt gull....mmmmm!!! Servert attåt gulasjsuppa frå coop blei det en liten fest :)
Epla frå treet heime blei skrella og stulla med så det kom ut både ei og to eplekake. Dobbelt MmmmmM! Eg laga til nokre former uten å steike. Dei putta eg i fryseboksa til seinare kos. Oppskrift? Du finn den på bildet ;) God helg! |
Unni skriv......litt om det som skjer på den lisje hytta i den koselige skogen. Her finn du litt om...:
All
Slik gjorde vi i...
May 2024
|