Vi er så heldige at vi har hyttå i same kommune som vi bur i.....25 min heimaifrå. I desse coronatider held vi oss så å seie i karantene og er ytterst forsiktige med kun ein handletur i veka framover.
Heldigvis kan vi alle gå tur så lenge vi held avstand til andre. Og det etterstreber vi så godt vi kan! Vaffelkos på den nye altanen :)
Besøk av slekta, kvalper og Toro vaffelrøre... Her kjem grunnen til at det har vore litt lite hytteliv her i det siste ;) Nokre kvalper som no er 6 veker! I dag har dei fått sin første kjøretur og besøk på altan og i høggraset. Dei har ete og tissa og sove ute i det fri for endelig kom det litt finver no som dei var store nok til slikt. Her held Kristian og Joakim på å jobbe litt. Det blir ved til vinteren og trappetrinn opp til altanen :) Endelig er Kristian her igjen så då blei det litt fart på hyttå igjen. No får utbygget rekkverk og straks trinn ned på altanen. Det er ei åpning der for det skal vere ei lita luke for å komme seg ned i kjelleren. Snart blir det altan-innvielse med kaffe-vaffel-slabberas :D
Den siste veka har det vokst fram den etterlengta altanen på Langneset :) Ikkje heilt ferdig men guuuri kor godt det skal bli å slenge seg nedpå her. No kan vi gå rett ut i sokkelsten frå altandøra og sole oss....snart :) |
Unni skriv......litt om det som skjer på den lisje hytta i den koselige skogen. Her finn du litt om...:
All
Slik gjorde vi i...
October 2020
|