Endå ein nydelig dag.... Endå ein kosetur i skogen... Endå ein sopp eg har ete.... No har eg lært meg; SMØRSOPP Bacon kan berre "gå hjæm å vogg"! Ja faktisk. Det er ikkje tull ein gong. Dette var supergodt! Steikt smørsopp i salt og pepper, steikte paprikabiter og to steikte egg, samt eit halvt rundstykke frå frokosten ;) NAMMM!! Eg er gløymsk....jada eg innrømmer det. Når Kristian ikkje er her og passer på så ligg hundebanda heime, ryggekk like så. (Note to myself: få tak i ein ryggsekk som kan ligge fast på hyttå!) Men kem har ofte flaks...gullhår ein viss plass, sol som skin osv osv...Jo det er meg! For ryggsekk fann eg i form av ei gammal soppkorg. Og kem fann eit hundeband mellom to steiner halvvegs i Engsetdalsvatnet? Jo, MOI! :)))
0 Comments
Vi koser oss med å rusle rundt i soppskogen rundt hyttå. Eg viser nokre bilder eg tok her men pass på; ikkje stol på mine gjetninger på kva sopp dette er, for eg er IKKJE soppkyndig, men kun under opplæring. Skriv gjerne ein kommentar om du veit kva sort sopp eg har funne. Eg har kun ete kantareller og piggsopp men tenker å utvide til smørsopp... Vaffelkos på den nye altanen :)
Besøk av slekta, kvalper og Toro vaffelrøre... Her kjem grunnen til at det har vore litt lite hytteliv her i det siste ;) Nokre kvalper som no er 6 veker! I dag har dei fått sin første kjøretur og besøk på altan og i høggraset. Dei har ete og tissa og sove ute i det fri for endelig kom det litt finver no som dei var store nok til slikt. Her held Kristian og Joakim på å jobbe litt. Det blir ved til vinteren og trappetrinn opp til altanen :) I helga var vi faktisk på hyttå....forkjølelse har satt sitt preg på både blogging og bildetaking så...
Kanskje det kan vere fordi vi har hatt så varmt ver...merkelige 16 grader og så plutseig 5 igjen. Regn, sol vind og stille....mest skitver da. |
Unni skriv......litt om det som skjer på den lisje hytta i den koselige skogen. Her finn du litt om...:
All
Slik gjorde vi i...
January 2024
|