Det ser kanskje litt kaotisk ut men vi stresser ikkje vi...eller?
Sommerdagane skal jo også nytast og turar skal gåast. Det blir muligens ei altandør midt på hyttå og så skal det byggast eit ark over det til pynt og beskyttelse av ver og vind. Slik ser det ut i vårt lisje kaos for tida men vi koser oss :)
0 Comments
Heime har vi halv renovering og halv avgift fordi vi lager Bokashi :)
Klart at hyttå må ha det same! Kompostbingen/Jordfabrikken er derfor på plass og eg har laga heimesjøllaga bokashibøtte av to isbokser. Dette er en genial måte å lage si eiga jord og sitt eige gjødsel. Har du lyst å lære meir om det så klikk her. Ja det skal iallefall bli det til slutt. No treng vi litt regn og så blir det bra ....om nokre år....
Det er så varmt varmt og så tørt så tørt... Det nysådde graset er vel forlengst svidd...men kem bryr seg. Sol sol og atter sol! Ikkje ein regndråpe på mange veker. Utrulig ...herlig :D
Av og til tusler det i skogen utanfor hyttehagen...og der, så sannelig, det dukka opp tre nysgjerrige ur-kyr! Dette er første gongen vi faktisk ser dei og ikkje berre høyrer dei. Med andre ord dei er litt beskjedne ;)
Så har han hyttefar ordna så vi får det litt lysare på kveldane no som mørketida er på veg. Hyttemor ordna med litt haustlig pynt ved porten. Ja då var det gjort.
No skal det bli artig å sjå neste gong vi er på hytta korleis det blir grønt og fint igjen. Vi sådde med "hytteplen" og blomstereng. Den blomsterenga skuffa meg litt da...det var igrunn berre grasfrø og en pitte pitte pitteliten frøpose nedi der. Og den kunne ein ikkje berre strø med resten, nei den måtte ein så der ein ikkje sådde grasfrøa. Jaja, vi får sjå om det blir nokre blomstereng-blomster ut av det. Den siste 1 og 1 halv veke har dyktige naboer med gravemaskiner gravd, plassert og planert slik at vi slepp å gå i søkkvåt sump. Brønn blir til innlagt vatn og septiktanken tek av seg dei mest møkkete sakene. No ser det skikkelig grisete ut så i morga blir det såing!
|
Unni skriv......litt om det som skjer på den lisje hytta i den koselige skogen. Her finn du litt om...:
All
Slik gjorde vi i...
January 2024
|