Her blei det tetta ett av vindua slik at vi har litt veggflate inne. I denne kråa blir nemlig kjøkkenet flytta til :)
0 Comments
Ein liten "overraskelse" var jo at vi har eit heilt loft vi kan lage til! Som tenkt så gjort så laga Kristian et golv der oppe. Her kan det bli soveplass til ungdommane og fin lagringsplass til julepynten ;)
Slik såg det ut ...dvs etter at muselort, mårlort og hakkespettreir vart rydda bort. På bilde nr 2 er nye luka på plass og mykje av golvet. Takstolane har også blitt utbedra slik at taket vil bli litt høgare og ikkje minst gjevnare: Vi vil ha ei åpen løysing på stue/kjøkken. Derfor måtte denne veggen bøte med livet... Tenåringane er greie og ville hjelpe til med slikt rivearbeid.
Kjøkkeninnredinga heng igjen som eit spøkelse på veggen ... men der ønsker vi oss dobbel balkongdør ut til hagen! |
Unni skriv......litt om det som skjer på den lisje hytta i den koselige skogen. Her finn du litt om...:
All
Slik gjorde vi i...
November 2022
|